Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Brukarstyr personleg assistent (søkn.frist 14.04.2013)

Det vert ledig vikariat for brukarstyrt personleg assistent i tidsrommet 03.05.2013 – 10.02.2014 for kvinne i 20 åra. Stillingsomfanget vil vera 5 timar pr. veke. Tenestemottakar bur i eigen leilegheit sentralt i kommunen og er i arbeid på dagtid.

I prinsippet omfattar BPA-ordninga dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester – som bistand til stell, pleie, måltider, fritidsaktivitetar og alle andre nødvendige kvardagslige gjeremål. Brukar har i dag velt å samla dei 5 timane til ein kveld i veka og har gode rutinar på dette. Aktivitetar som ligg i oppdraget er matlaging, trening, husvask, fylgje til avtalar, sosialt samvær m.m. Søkjar må ha førarkort.

Kommunen er arbeidsgjevar for den brukarstyrte personelge assistenten, men brukar har eigen arbeidsleiar og i ordninga vert det lagt stor vekt på brukarmedverknad.

Stillinga er i utganspunktet lagt til 37,5 t/v, men dersom søkjar arbeider i turnus vil stillinga leggast på 35,5 t/v.

Det vil verta mogleg å vera BPA i tillegg til stillinga ein alt har i kommunen.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsleiar for funksjonshemma, Birthe Skar - Moum på tel.: 56589857.

Generelt:
Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lover og avtaler. Søknad vedlagt rettekjende kopiar av attestar og vitnemål skal sendast til Samanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Søknadsskjemaet som du finn i menyen til høgre på denne sida, må nyttast. (NB. Alle sider i søknadsskjemaet må fyllast ut fullstendig.)


Søknadsfrist: 14.04.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering