Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Feiar/feiarsvenn (søkn.frist 20.10.2010)

100% stilling som feier/feiarsvenn er ledig ved brannvesenet i Samnanger og Fusa.

Stillinga er tillagt oppgåver som tilsyn med fyringsanlegg, feiing og informasjonsarbeid og skal dekka kommunane Samnanger og Fusa.

Oppmøtestad vil vera ved brannstasjonen på Tysse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Svennebrev som feiar, eller vera viljug til å ta dette etter gjeldande forskrift
  • Førarkort minimum kl. B
  • Datakunnskap

 
Me kan tilby:

  • Bedriftshelseteneste
  • Pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Triveleg arbeidsmiljø


Stillinga som feiar krev god serviceinnstilling og evner til å skapa god kommunikasjon med publikum. På sikt kan det verta aktuelt med teneste i brannberedskapen.

Nærare opplysningar v/brannsjef Jan Ove Haga, tlf. 90503039.

Generelt:
Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknad vedlagt kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist: 20.10.2010

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.10.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering