Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Ferievikarar i pleie og omsorg (søkn.frist 09.03.2011)

Samnanger kommune søkjer etter ferievikarar innan pleie og omsorg for avvikling av hovudferie for 2011. 

Kommunen ønskjer søkjarar som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er under utdanning innan helsefag, sjukepleie eller vernepleie. Søkjarar med anna bakgrunn er og aktuelle. 

Samnanger kommune treng ferievikarar på dag/kveld/natt både inne på institusjonen, heimesjukepleie, heimehjelp og i bufellesskapa.

Det er ønskjeleg at søkjarane har sertifikat.

Me treng og sommarvikarar til reinhald, kjøkken og vaskeri på Samnangerheimen. 

Ferieperiode: Me har behov for ferievikarar i perioden 20. juni - 21. august. 
Søkjar til stillingane må vera fylt 18 år. 
Send søknad med kopi av vitnemål og attestar til Samnangerheimen, Tyssevegen 97, 5650 Tysse. 
Nærare opplysningar ved Pleie og omsorgseininga på tlf. 56589850: 
Susanne Ulvenes (avd.leiar gruppe Sør)
Liv M.B. Høysæter (avd.leiar gruppe Nord)
Haldis Øvreeide (koordinator for funksjonshemma - bufellesskapa) 


Søknadsfrist: 09.03.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 31.01.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering