Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Flyktningekonsulent, 40% stilling (søkn.frist 14.10.2012)

Med atterhald om politisk godkjenning vert det ledig eit 40% engasjement for tidsrommet 16.11.2012 – 31.12.2013 for flyktningkonsulent.

Flyktningkonsulenten skal følgja opp dei flyktningane som kom til kommunen i perioden 2009-2012. Arbeidet vil bestå av sakshandsaming, kontakt med diverse sentrale instansar som IMDI og UDI og samarbeid med NAV og andre lokale einingar i kommunen. Arbeidet er av ein miljøterapeutisk art der ein og må påberekna å arbeide ute i flyktningmiljøet, og ha god kontakt med både vaksne, barn og unge. Kontorstad vil verta på NAV.

Me søkjer etter ein person med:
• Relevant utdanning frå høgskule/universitet
• Relevant arbeidserfaring, helst frå arbeid med flyktningar
• Interesse og motivasjon for arbeid med flyktningar

Personen me søkjer etter må kunna arbeida sjølvstendig og vera løysingsorientert. Den som vert tilsett må vera fleksibel då stillinga til tider kan medføra varierande arbeidstid. Den tilsette må disponera bil.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få av einingsleiar, Thore Austnes, tel.: 56587400.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 14.10.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.09.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering