Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Folkehelsekoordinator (søkn.frist 31.03.2011)

40% engasjementstilling fram til 31.12.2011.

Stillinga er oppretta for å utarbeida system for arbeid med førebyggjande folkehelsetiltak i Samnanger. Stillinga vil organisatorisk liggja direkte under rådmannen. Engasjementet kan eventuelt verta forlenga.

Sentrale oppgåver:

  • Samordna, koordinera og utvikla det lokale folkehelsearbeidet i Samnanger
  • Dokumentasjon av eksisterande førebyggjande folkehelsearbeid i Samnanger
  • Dokumentasjon av korleis helse er fordelt i befolkninga i Samnanger
  • Utarbeida handlingsplan for arbeid med førebyggjande folkehelsetiltak i Samnanger

 
Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert/systematisk
  • Gode dataferdigheiter
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne frå tilsvarande arbeid

 
Løn etter avtale. Arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk. Nærare informasjon om stillinga ved Tone Ramsli, tlf. 56 58 74 00.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (elektronisk skjema eller papirskjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 31.03.2011.

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering