Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Fritids- og støttekontaktar (søkn.frist 22.12.2011)

Er du glad i friluftsliv, kulturtilbod eller andre sosiale aktivitetar? Då kan det vera  kjekt å gjera dette saman med nokon som ynskjer å ha følgje til slike aktivitetar.

Fleire born og unge med nedsett funksjonsevne treng fritids-/støttekontaktar.

Stillingane er ledig pr dags dato. Ein får oppdragsavtaleavtale for eit år om gongen. Godtgjersle etter alder og brukartype. Utgiftsdekning og kilometergodtgjersle. Ein må kunna disponera eigen bil. Krav om politiattest.

For nærare informasjon om stillingane, ta kontakt  koordinator for funksjonshemma, Haldis Øvreeide, tel. 56 58 98 57 / 488 94 656.

Godtgjersle og andre vilkår etter kommunen sine retningsliner for fritids-/støttekontakt tenesta. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Koordinator for funksjonshemma v/Samnangerheimen, Tyssevegen 97, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 22.12.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering