Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Helsefagarbeidar, 61% stilling (søkn.frist 22.10.2012)

Det vert ledig fast stilling på 61% ved eininga for pleie og omsorg, avd. bufellesskapa Haga og Skottebakken frå 01.11.2012 for fagarbeidar innan helsefag (helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar og hjelpepleiar).

Turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg, og to nattevakter i løpet av seks veker. Søkjar må ha førarkort og kunna kommunisera tilfredsstillande på norsk.

Kontaktperson for stillinga er avdelingsleiar for funksjonshemma, Birthe Skar-Moum, Telefon: 56589850.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønnsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på tlf. 56587400.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.


Søknadsfrist: 22.10. 2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 10.10.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering