Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Helsesøster, 50% stilling (søkn.frist 30.06.2012)

50% fast stilling vert ledig frå 10.09.2012. Hovudoppgåvene til stillinga vil vera varierte innanfor heile fagområdet til Helsestasjonen, deriblant administrasjon av helsestasjon, skulehelseteneste, samt deltaking i offentleg helsearbeid.

Stillinga er plassert i sosial- og helseeininga, ved Helsetunet, som har gode kontorlokale og eit godt kollegialt miljø. Personen i denne helsesøsterstillinga vil arbeida i lag med anna helsesøster og elles samarbeide med lege, jordmor, fysioterapeut og tilsette ved skulane og barnehagane. Søkjar må kunna disponera bil i tenesta.

Utdanningskrav: Offentleg godkjenning som helsesøster.

Nærare opplysningar v/einingsleiar for sosial- og helseeininga Thore Austnes, 56 58 74 00.

Generelt:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Krav om godkjent politiattest, jfr. Helsepersonell §20a. Skriftleg søknad vedlagt rettskjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du også få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 30.06.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 15.06.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering