Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Institusjonskokk, 66% stilling (søkn.frist 25.02.2013)

Det vert ledig mellombels stilling på 66% for faglært institusjonskokk/kokk ved Samnangerheimen i perioden 01.07.2013 – 28.02.2014 i påvente av ny sjukeheim.

Stillinga er fortrinnsvis på dag, der nokre vakter strekkjer seg litt mot kveld.

Stillinga kan delast opp i delar dersom deltilsette ynskjer stillingsauke.

Kontaktperson for stillinga er kjøkkensjef Ingmund Blom, tel.:56589850.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med fagbrev, vil kokekyndige søkjarar utan dette kunne bli vurdert for stillinga.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 25.02.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.02.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering