Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kjøkkenassistent helg, 14% stilling (søkn.frist 25.02.2013)

Det vert ledig mellombels stilling på 14% på helg for kjøkkenassistent ved Samnangerheimen i perioden 01.07.2013 – 28.02.2014 i påvente av ny sjukeheim.

Stillinga er fortrinnsvis på dag, der nokre vakter strekkjer seg litt mot kveld. Arbeid kvar tredje helg.

Me ser etter ein positiv og fleksibel person som kan jobba effektivt og trivst på kjøkken.

Kontaktperson for stillinga er kjøkkensjef Ingmund Blom, tel.:56589850.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 25.02.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.02.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering