Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kontrollør sal og skjenking

Arbeidstakar med eit tilsetjingsforhold til Kvam herad eller dei andre medlemskommunane knytt til Sals- og skjenkekontrollen kan søkja på denne stillinga. Samnanger er ein av medlemskommunane.

Sals- og skjenkekontrollen har ledig 45 % stilling frå snarast. For meir informasjon om avdelinga sjå serviceerklæringa til Sals- og skjenkekontrollen på www.kvam.no

Arbeidet går i hovudsak ut på å kontrollere at sal og skjenking av alkoholhaldig drikk går føre seg etter gjeldande lovverk og reglar. Me har som målsetjing å ha eit godt samarbeid med næringa gjennom informasjon og førebygging.

For den aktuelle stillinga vil noko av  arbeidet gå føre seg på dagtid, men mesteparten av arbeidet går føre seg på kveld og helg (kvar 3.helg).

Me er i dag 3 faste kontrollørar med lang røynsle.

Kontrollane går føre seg i 12 kommunar rundt Hardangerfjorden + Voss, Aurland, Vaksdal, Fusa og Samnanger. Du vil få god opplæring.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • det vert lagt vekt på erfaring med kontroll- og tilsynsarbeid
  • evne til å kommunisera, vera tydeleg
  • gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, målforma er nynorsk
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i teamarbeid
  • me legg vekt på personlege eigenskapar, som å vera ansvarsbevisst og fleksibel
  • du må ha førarkort for bil


Kontaktperson:
Avdelingsleiar Elin Molven tlf. 56 55 30 89


Vi kan tilby:

  • Du får ein jobb i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

                       

Søknadsfrist: 10. november  2010.


Arbeidstakar med eit tilsetjingsforhold til Kvam herad eller dei andre medlemskommunane  knytt til Sals- og skjenkekontrollen kan søkja.


Kortfatta søknad med saksnummer og CV kan du senda til:
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller Postmottak@kvam.kommune.no

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.10.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering