Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kulturkonsulent med ansvar for folkehelse (søkn.frist 01.12.2012)

Samnanger kommune har frå 01.01.2013 ledig fast 100% stilling som kulturkonsulent med ansvar mellom anna for folkehelse.

Stillinga vert innan kultureininga, med hovudvekt på fritid, fysisk aktivitet og folkehelse.

Sentrale arbeidsområde vil vera:
• Folkehelse
• Den kulturelle skulesekken
• Den kulturelle Spaserstokken
• Generell sakshandsaming

Kulturkonsulenten vil i det daglege arbeidet ha kontakt med lag/organisasjonar. Det vil og vera utstrakt kontakt med andre kommunale/offentlege instansar.

Det må i periodar påreknast noko arbeid på ettermiddag/kveld og i helgar. Det kan og vera aktuelt med andre arbeidsoppgåver enn reint kulturfaglege.

Kontorstad vil vera kommunehuset på Tysse. Kultursjefen er næraste overordna for kulturkonsulenten.

Ønska kvalifikasjonar:
• Relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå.
• Erfaring frå arbeid innanfor fagområdet for stillinga.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
• Evne til kreativitet og utadretta arbeid.
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
• God evne til å lede og gjennomføre prosjekter


Kontaktperson: Kultursjef Arnved Soldal Lund 56 58 74 09/ 971 07 776.

Arbeids- og lønnsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgra på sida.


Søknadsfrist: 01.12.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.11.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering