Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kultursjef (søkn.frist 20.12.2011)

Samnanger kommune har frå februar 2012 ledig fast 100% stilling som kultursjef.


Om stillinga

Hovudføremålet med stillinga er å arbeida med kultur, fritid og fysisk aktivitet i Samnanger kommune. Kultursjefen leiar eining for kultur, som er inndelt i kulturkontor, bibliotek og kulturskule.

Kultursjefen vil i det daglege arbeidet ha kontakt med lag/organisasjonar som barne- og ungdomsorganisasjonar, song og musikklag, idrettslag, vaksenopplæring, religiøse organisasjonar og foreiningar for kunstformidling og kulturvern. Det vil og vera utstrakt kontakt med andre kommunale/offentlege instansar. Kultursjefen vil og ha ansvar for sakshandsaming, planarbeid og budsjettarbeid innanfor kulturområdet.

Det må i periodar påreknast noko arbeid på ettermiddag/kveld og i helgar. Det kan og vera aktuelt med andre arbeidsoppgåver enn reint kulturfaglege.

Kontorstad vil vera kommunehuset på Tysse. Assisterande rådmann er næraste overordna for kultursjefen. 

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå.
  • Erfaring frå arbeid innanfor fagområdet for stillinga.
  • Gode leiarevner. Evne til å administrera, organisera og gjennomføra.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Evne til kreativitet og utadretta arbeid.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.


Lønsvilkår
Løn etter avtale. Medlemsskap i kommunal tenestepensjonsordning. Tilsetjingsvilkår elles etter gjeldande lover og avtalar.

Nærare opplysningar om stillinga
Nærare opplysningar om stillinga v/assisterande rådmann Hilde-Lill Våge, tlf. 56 58 74 00.

Søknad
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist 20.12.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering