Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kvilande nattevakt i bufellesskap (søkn.frist 22.03.2013)

Eining for pleie og omsorg gjer teneste i to bufellesskap og til heimebuande personar med ulik funksjonshemming. Der er det fylgjande ledig stilling:

  • 64,08% Kvilande nattevakt i Bufellesskap


Fast kvilande nattevaktstilling for arbeid med vaksne funksjonshemma vert ledig frå 01.03.2013 for fagarbeidar fortrinnsvis innan helsefag (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar), men barne- og ungdomsarbeidarar og barnepleiarar kan og søkja.

Sentrale arbeidsoppgåver vil verta:
- Utføra miljøarbeid for mennesker med utviklingshemming
- Hjelp, rettleiing og støtte
- Skapa tryggleik og forutsigbarhet
- Skriva enkle rapportar

Turnus med arbeid kvar 3. helg i snitt og til saman 14 vakter i løpet av 6 veker. Vaktene er delt inn ein aktiv og ein kvilande del. Den kvilande delen av vaktene vert betalt med 1/3 timeløn. Lønsprosenten i stillinga vil vera 34,98%.

Politiattest må kunna framleggjast. Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa. Gode kommunikasjonsferdigheiter, samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid vil bli vektlagt. Søkjar bør ha førarkort, kl.B.

Kontaktperson for stillinga er koordinator for funksjonshemma, Birthe Skar-Moum, tel. 56589857 / 56589850.

Skulle det ikkje melda seg autoriserte/faglærte søkjarar, kan det verta aktuelt å vurdera ufaglærte for mellombels tilsetjing.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 22.03.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering