Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Kvilande nattevakt i bufellesskap (søkn.frist 27.12.2011)

Fast kvilande nattevaktstilling for fagarbeidar innan helsefag (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar) vert ledig frå 01.02.2012.


Turnus med arbeid kvar 3. helg i snitt og til saman 14 vakter i løpet av 6 vekers turnus. Vaktene er delt inn ein aktiv og ein kvilande del. Den kvilande delen av vaktene vert betalt med 1/3 timeløn. Lønsprosenten i stillinga vil vera 33,41%.

Politiattest må kunna framleggjast. Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt. Naudsynt med førarkort, kl.B.

Kontaktperson for stillinga er koordinator for funksjonshemma, Haldis Øvreeide, tel. 56589857/48894656.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist:  27.12.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering