Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Kvilande nattevakt i bufellesskap (søkn.frist 30.06.2012)

Eining for pleie og omsorg gjer teneste i to bufellesskap og til heimebuande personar med ulik funksjonshemming. Der er det ledig stilling som fast kvilande nattevakt for fagarbeidar innan helsefag (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar). Stillinga vert ledig frå 01.09.2012.


Turnus med arbeid kvar 3. helg i snitt og til saman 14 vakter i løpet av 6 vekers turnus. Vaktene er delt inn ein aktiv og ein kvilande del. Den kvilande delen av vaktene vert betalt med 1/3 timeløn. Lønsprosenten i stillinga vil vera 33,41%.

Politiattest må kunna framleggjast. Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt. Naudsynt med førarkort, kl.B.

Kontaktperson for stillinga er einingsleiar Grete Lill Hjartnes tel. 56589850.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema som du finn i menyen til høgra på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 30.06.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 15.06.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering