Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Lærarstillingar (søkn.frist 22.03.2013)

Frå 01.08.2013 får me ledig eit tal lærarstillingar, både faste og vikariat, på barnetrinnet og ungdomstrinnet.

Spesielt er det ønskjeleg å få søkjarar med fagleg fordjuping i naturfag, norsk og eventuelt spesialpedagogikk.


Kontaktpersonar:

  • Ungdomstrinnet – rektor Solvor Aadland, tlf 56 58 99 60
  • Barnetrinnet – rektor Åshild Aadland Haga, tlf 56 58 99 80.


Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Den som vert tilsett, må leggja fram godkjend politiattest, jfr. Opplæringsl. § 10-9.

Me tek sikte på å avvikla første intervju-/tilsetjingsrunde i veke 15 med eventuelle supplerande tilsetjingar fram mot skulestart.

Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å venda deg til kommunen på tlf. 56587400. Søknader som blir skrivne på papirskjema, skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, må leggjast ved søknaden.


Søknadsfrist: 22.03.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering