Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Lærarstillingar (søkn.frist 25.03.2011)

Frå 01.08.2011 får me ledig eit tal lærarstillingar, både faste og vikariat, på barnetrinnet og ungdomstrinnet.

Spesielt er det ønskjeleg å få søkjarar med fagleg fordjuping  i naturfag, kunst/handverk, engelsk, norsk og spesialpedagogikk.

Kontaktpersonar:
Ungdomstrinnet - rektor Solvor Aadland, tlf 56 58 99 60
Barnetrinnet - fung. rektor Inge Aasgaard, tlf 56 58 99 80.

Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med  gjeldande lov og avtaleverk.  Den som vert tilsett, må leggja fram godkjend politiattest, jfr. Opplæringsl. § 10-9.

Me tek sikte på å avvikla første intervju-/tilsetjingsrunde i veke 15 med eventuelle supplerande tilsetjingar fram mot skulestart.

Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Søknader som blir skrivne på papirskjema, skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.


Søknadsfrist:  25.03.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering