Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Læreplassar - helsefagarbeidar og barne-/ungdomsarbeidar (søkn.frist 25.03.2011)

Det vert ledig 2 læreplassar dette året i Samnanger kommune i Helsearbeidarfaget /Barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Helsearbeidarfaget: Hovudopplæringa vil bli gitt ved Samnangerheimen og i dei ulike avdelingane i pleie og omsorg. Turnusarbeid. Moglegheit for utplassering i læretida.

Barne- og ungdomsarbeidarfaget: Hovudopplæringa vil bli gitt ved Samnanger barneskule, Dråpeslottet barnehage og Samnanger ungdomsskule. Moglegheit for utplassering i læretida.

Det er ynskjeleg at søkjarar har fullført og bestått vg1 og vg 2 i dei respektive fag, men  søkjarar med annan bakgrunn kan og verta vurderte. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

For nærare informasjon om læreplassane, ta kontakt med Audhild Lekven, tel 56587436.

Me kan tilby arbeids og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist: 25. mars 2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering