Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Miljøarbeidar - engasjement i 20-30% stilling (søkn.frist 07.10.2011)

Engasjement i perioden 16.11.2011 – 15.11.2012. Kontorstad vil vera NAV Samnanger.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid i tilknytning til flyktningar i Samnanger kommune, med hovudvekt på dei som kom etter 01.12.2009.
  • Oppsøkande verksemd.
  • Råd – og rettleiing.
  • Praktisk bistand i heimane.
  • Hjelp til transport og oppfølging ved behov til og frå ulike offentlege instansar og lækjar.
  • Oppfølging i samband med barnehage, skule og sfo i samarbeid med barneverntenesta.
  • Anna relevant arbeid knytta til oppfølging av flyktningane.


Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha røynsle frå miljøarbeid, Søkjar må vera kreativ og initiativrik og vera personleg eigna for stillinga. Søkjar må ha gode samarbeidsevner. Søkjar må jobba sjølvstendig og arbeida på ettermiddag/kveld/helg ved behov. Det er eit krav at søkjar har miljøfagleg, helsefagleg eller anna utdanning som kan høva for stillinga. Søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Søkjar må beherska nynorsk som skriftspråk.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.  Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar som kommunen ikkje har fått tidlegare vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 07.10.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.09.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering