Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Nattevakt i open omsorg, fast 56% stilling (søkn.frist 20.08.2012)

Det er ledig fast stilling som nattevakt med fagutdanning som helsefagarbeidar / hjelpepleiarar /omsorgsarbeidarar i eininga for pleie og omsorg, gr. Nord.

Nattarbeid med arbeid kvar tredje helg. Arbeidet vert primært i heimesjukepleien der ein reiser for det meste heim til brukarar på natt åleine. Arbeidsoppgåver kan og bli på Samnangerheimen. Det vert stilt krav om førarkort.

Kontaktperson for stillinga er avd.sj.pl. Reidun Abotnes, tel.:56589850.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med fagbrev/autorisasjon, vil søkjarar utan dette kunne bli vurdert for stillinga.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 20.08.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering