Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Økonomisekretær/konsulent (søkn.frist 13.09.2012)

Ved økonomikontoret på kommunehuset vert det ledig ei fast 75% stilling som sekretær/konsulent.

Stillinga vil primært vera knytt til arbeid med fakturering, innkrevjing og rekneskap, men andre arbeidsoppgåver vil og vera aktuelle. Samnanger kommune nyttar økonomi-/ rekneskapssystemet Agresso.

Me søkjer etter ein person med:
• utdanning innan økonomi/rekneskap, helst på høgskulenivå
• arbeidserfaring frå arbeidsområdet for stillinga
• gode ferdigheiter innan IT
• gode samarbeidsevner

Stillingstittel og lønsnivå vil vera avhengig av utdanningsnivået/kvalifikasjonane til den som vert tilsett. Dersom den som vert tilsett har fullført relevant økonomisk utdanning på høgskulenivå, vil stillingstittelen bli økonomikonsulent.

Nærare opplysningar om stillinga ved stabssjef Jan Erik Boge, tlf. 56 58 74 00.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lover og avtalar. Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (digitalt skjema eller papirskjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 13.09.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering