Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Økonomisekretær (søkn.frist 27.06.2011)

Ved økonomikontoret på kommunehuset vert det ledig ei fast 75% stilling som sekretær. Stillinga vil primært vera knytt til arbeid med fakturering, innkrevjing og rekneskap, men andre arbeidsoppgåver vil og vera aktuelle. Samnanger kommune nyttar økonomi-/ rekneskapssystemet Agresso.

Me søkjer etter ein person som har:

  • utdanning innan økonomi/rekneskap, helst på høgskulenivå
  • arbeidserfaring frå arbeidsområdet for stillinga
  • gode ferdigheiter innan IT

For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verta aktuelt med tilsetjing som konsulent. Nærare opplysningar om stillinga ved økonomisjef Nina Erdal, tlf.  56 58 74 31.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lover og avtalar. Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (digitalt skjema eller papirskjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 27.06.2011.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.06.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering