Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Oppmålingsingeniør, fast 100% stilling (søkn.frist 21.07.2012)

Samnanger kommune har frå 01.10.2012 ledig ei fast 100% stilling som oppmålingsingeniør/ landmålar. Me søkjer etter ein person med relevant bakgrunn innanfor dette området.


Arbeidsoppgåver:

  • Utføra kart- og delingsforretningar etter delingslova/ matrikkellova.

  • Gjennomføra bereknings- og oppmålingsarbeid i førekant av kart- og delingsforretning.

  • Innmålingsarbeid/ rådatafangst i samband med ajourhald av kommunen sitt kartgrunnlag.


Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå høgskule/ universitet eller tilsvarande.

  • Erfaring frå oppmålingsarbeid etter delingslova eller generell oppmålingspraksis.

  • Gode kunnskapar innan kartforvaltning og GIS samt generell god datakunnskap.

  • God sosial legning, med evne til å arbeida systematisk, sjølvstendig og målretta.

 
Søkjar må disponera eigen bil i tenesta.


Vi tilbyr:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgaver i eit triveleg og uformelt miljø.

  • Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar

  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling

  • Fleksitid

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


For ytterlegare opplysningar, kontakt teknisk sjef Kenth P. Opheim på tlf 56 58 74 00.


Generelle opplysningar:
Tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist 21.07.2012.
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 03.07.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering