Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Oppmålingsingeniør/landmålar (søkn.frist 15.06.2011)

Samnanger kommune har frå 01.09.2011 ledig ei fast 100% stilling som oppmålingsingeniør/ landmålar.  Me søkjer etter ein person med relevant bakgrunn innanfor dette området.


Arbeidsoppgåver:

  • Utføra kart- og delingsforretningar etter delingslova/ matrikkellova.
  • Gjennomføra bereknings- og oppmålingsarbeid i førekant av kart- og delingsforretning.
  • Innmålingsarbeid/ rådatafangst i samband med ajourhald av kommunen sitt kartgrunnlag.


Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå høgskule/ universitet eller tilsvarande.
  • Erfaring frå oppmålingsarbeid etter delingslova eller generell oppmålingspraksis.
  • Gode kunnskapar innan kartforvaltning og GIS samt generell god datakunnskap.
  • God sosial legning, med evne til å arbeida systematisk, sjølvstendig og målretta.


Søkjar må disponera eigen bil i tenesta.


Me tilbyr:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgaver i eit triveleg og uformelt miljø.
  • Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksitid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar



For ytterlegare opplysningar, kontakt Leiar Teknisk eining Kenth P. Opheim på tlf 56587442.


Generelle opplysningar:
Tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. 
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 15.06.11.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.06.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering