Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Pedagogisk leiar - 100% og 35% stilling (søkn.frist 24.05.2012)

Ved barnehagane i kommunen vert det frå 06.08.2012 ledig følgjande faste stillingar som pedagogisk leiar:

  • 100 %, for tida ved Dråpeslottet barnehage
  • 35 %, for tida ved Nordbygda barnehage


ME LEGG VEKT PÅ:

  • Godkjent førskulelærarutdanning
  • Evne og lyst til å motivera og inspirera
  • Fleksibilitet, kreativitet og evne til refleksjon
  • Evne og lyst til å gjera kvarandre gode
  • Lyst til utvikling og prosjektarbeid
  • Kunne nytta PC som arbeidsverkty


ME KAN TILBY:

  • Nye flotte barnehagebygg

  • Engasjerte medarbeidarar

  • Kompetanseutvikling

  • Satsing på språkutvikling, kropp, rørsle, helse

  • Satsing på utvikling av sosial kompetanse


Me oppfordrar spesielt menn til å søkja.

Kontaktperson: Einingsleiar Anne J. Fredriksen, 56589710.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jfr. Barnehagel. § 19. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. 


Søknadsfrist:  24.05.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.05.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering