Pedagogisk leiar Dråpeslottet barnehage (søkn.frist 11.03.2013)

Ein av våre pedagogiske leiarar i 100% stilling skal ha permisjon i tidsrommet 02.04 til 14.06 2013.

Me har ikkje fått inn kvalifiserte søkjarar med førskulelærarutdanning ved 1.gongs utlysing.

Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar eller folk med erfaring frå arbeid i barnehage som kan ta på seg leiaransvaret for avdelinga.

Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat som assistent i same tidsrommet.

Nærmare opplysningar v/einingsleiar Anne J. Fredriksen, tlf 56589710.


Konkurranserett ved interne utlysingar:
Det vert vist til Samnanger kommune sine personalvedtekter der det i pkt. 4.7.2 m.a. står:

  • I tillegg til fast tilsette kan òg mellombels tilsette som har hatt eit samanhengjande arbeidstilhøve til kommunen dei 6 siste månadene før utlysinga søkja ved intern utlysing. Dette inkluderer også tilsette på 1-årig arbeidsavtale som ”ringjevikar”, d.v.s. personar som ikkje arbeider fast, men som etter arbeidsavtalen kan tilkallast ved behov.


Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 11.03.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.02.2013