Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Pedagogisk leiar Dråpeslottet barnehage (søkn.frist. 24.11.11)

Ein av dei pedagogiske leiarane ved Dråpeslottet barnehage skal ha permisjon i tidsrommet 02.01. – 09.03.2012. Me søkjer difor vikar i same tidsrom.

Stilling: Pedagogisk leiar 100%

Utdanningskrav:
 Førskulelærarutdanning

Dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar med ønska utdanning, vil ein vurdera tilsetjing av søkjar med anna høgskuleutdanning eller eventuelt fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. 


Satsingsområde for barnehagane er:                                                    

  • språk, tekst, kommunikasjon
  • lesing og leseglede
  • venskap og sosial kompetanse


Me søkjer engasjerte og målretta medarbeidarar

Kontaktperson: Einingsleiar  Anne J. Fredriksen, 56 58 97 10

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jfr. Barnehagel. § 19. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papir- eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på tlf 56587400.

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert  å  senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. 


Søknadsfrist : 24.11.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.11.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering