Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Pedagogisk leiar Nordbygda barnehage (søkn.frist 07.09.2012)

Ved Nordbygda barnehage vert det frå 01.10.2012 ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar.


ME LEGG VEKT PÅ

  • Godkjent førskulelærarutdanning

  • Evne og lyst til å motivera og inspirera

  • Fleksibilitet, kreativitet og evne til refleksjon

  • Evne og lyst til å gjera kvarandre gode

  • Lyst til utvikling og prosjektarbeid

  • Kunne nytta PC som arbeidsverkty


ME KAN TILBY 
  • Nye flotte barnehagebygg
  • Engasjerte medarbeidarar
  • Kompetanseutvikling
  • Satsing på språkutvikling, kropp, rørsle, helse
  • Satsing på utvikling av sosial kompetanse

Me oppfordrar spesielt menn til å søkja.

Kontaktperson: Einingsleiar Anne J. Fredriksen, 56589710.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jfr. Barnehagel. § 19. Ved eventuell intern tilsetjing, vil søkjar kunna få tilbod om tilsetjing i annan stillingsstorleik/på andre tilsetjingsvilkår enn den utlyste stillinga.

Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.


Søknadsfrist: 07.09.2012
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering