Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Pedagogisk leiar Nordbygda barnehage - vikariat (søkn.frist 25.05.2011)

20% vikarstilling som pedagogisk leiar vert ledig for tidsrommet 08.08.2011-31.07.2012.  Stillinga er plassert ved Nordbygda barnehage som er ein 4-avdelings barnehage med avdelingar for 0-3 år og 3-6 år.


Satsingsområde for barnehagane er:

  • Språk, tekst, kommunikasjon
  • Vatn, kreative krefter

Stillinga kan kombinerast med fast 50% stilling som førskulelærar ved Dråpeslottet barnehage, sjå anna utlysing.

Me søkjer ein engasjert og målretta medarbeidar.

For å få ei jamnare kjønnsfordeling i barnehagen, oppfordrar me spesielt menn til å søkja.

Nærare opplysningar v/einingsleiar Anne J. Fredriksen, tlf. 56 58 97 10.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.  Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jfr. Barnehagel. §19.
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du også få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 25.05.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 10.05.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering