Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Reinhaldar Nordbygda barnehage (søkn.frist 20.09.2012)

Ei 30-40% fast stilling som reinhaldar er ledig frå snarast. Arbeidstida er for tida 2-3 timar/dag, men kan verta auka. Stillinga er for tida hovudsakeleg plassert ved Nordbygda barnehage (tidlegare Nordbygda skule), men vil og ha ansvar for reinhaldet i vidaregåande skule-tilbod i tidlegare Nordbygda barnehage.

Ønskjeleg med morgonreinhald frå kl. 06.30-07.00 etter avtale.

I tillegg til det daglege reinhaldet omfattar stillingsstorleiken og tid til hovudreingjering i barnehagen som må takast i løpet av året utanom den daglege arbeidstida.

Nærmare opplysningar om stillinga v/einingsleiar for barnehagane Anne J. Fredriksen, tlf. 56587880/56589910.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.
Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.


Søknadsfrist: 20.09.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 06.09.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering