Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Reinhaldar Nordbygda barnehage - vikariat (søkn.frist 25.05.2011)

Stillinga som reinhaldar ved Nordbygda barnehage vert ledig frå 08.08.2011 og førebels til 31.07.2012. Grunna oppretting av ny barnehageavdeling frå august 2011, vert stillinga auka til 59,26% som tilsvarar ei arbeidstid på 4 timar og 25 min. pr. dag. Stillingsstorleiken inkluderer og 82,5 timar pr. år i hovudreinhald som må avviklast i løpet av året.


Nordbygda barnehage er for tida delt på 2 bygg (tidlegare Nordbygda barnehage og tidlegare Nordbygda skule) med 2 avdelingar på kvart bygg.  Dersom fleire rom i det tidlegare skulebygget vert tatt i bruk i løpet av barnehageåret 2011/2012, vil stillingsstorleiken kunna verta auka.

Arbeidstid: kl. 06.00 – 10.25 eller etter nærmare avtale med styrar Aud L. Solvang, tlf. 56587810 der du og kan få nærmare opplysningar om stillinga.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til  Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å venda deg til kommunen på tlf. 56587400.


Søknadsfrist:  25.05.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 10.05.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering