Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Rektor Samnanger barneskule (søkn.frist 20.04.2013)

Fast 100% stilling som rektor ved barneskulen er ledig frå 01.08.2013.

Rektor ved barneskulen er ein av 8 einingsleiarar i kommunen, og har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for grunnskulen sitt barnetrinn. Skulen har pr. i dag
• Ca. 40 tilsette
• 194 elevar
• Budsjett på 17,5 mill.kr.

Me ønskjer ein rektor som er utviklingsorientert og har leiarerfaring eller rektorskolen.
Skuleeigar sine forventningar til rektor gjeld følgjande hovudområde:
1. Elevane sitt læringsmiljø og læringsresultat
2. Styring og administrasjon
3. Samarbeid og organisasjonsbygging, rettleiing av lærarar
4. Utvikling og endring
5. Leiarrolla

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga v/assisterande rådmann Hilde-Lill Våge på tlf 56587400.

Generelle opplysningar:
Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på tlf 56587400.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av attestar og vitnemål, vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.


Søknadsfrist: 20.04.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.04.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering