Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Rektor Samnanger barneskule - vikariat til 31.07.2013 (søkn.frist 08.11.2012)

Stillinga som rektor ved barneskulen (80%) er ledig frå 01.01.2013. Grunna ei mogleg organisasjonsendring i skulesektoren i Samnanger, vert stillinga lyst ledig internt for mellombels tilsetjing for vårhalvåret 2013; til 31.07.2013.

Rektor ved barneskulen er ein av 8 einingsleiarar i kommunen, og har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for grunnskulen sitt barnetrinn. Barneskulen har pr. i dag:
• 29 årsverk
• 194 elevar
• Budsjett på 17,5 mill.kr.

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga v/rådmann Tone Ramsli eller ass. rådmann Hilde-Lill Våge på tlf 56587400.

Generelle opplysningar:
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av attestar og vitnemål som kommunen ikkje har mottatt tidlegare, vert å senda til Samnanger kommune v/personalkontoret. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist: 08.11.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 31.10.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering