Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sækretær/konsulent (søkn.frist 01.02.2011)

Fast 80-100% stilling i eining for pleie og omsorg ledig frå ca. 01.04.2011.

Stillinga vil vera direkte underlagt pleie og omsorgsleiar. Stillinga er i utgangspunktet lagt på sekretærnivå, men for godt kvalifiserte søkjarar vil tilsetjing på konsulentnivå verta vurdert.


Sentrale oppgåver/ansvarsområde i stillinga vil mellom anna vera:

  • Postføring
  • Sakshandsaming
  • Superbrukar for sakshandsamingssystemet Websak
  • Oppgradera malar i pasientjournalsystemet Cosdoc (betalingssatsar med meir)
  • Kontroll og kvalitetssikring knytt til eininga sine datasystem (tilgangskontroll, passord m.m.)
  • Skriva referat etter møte
  • Timelister
  • Vedtak på alle tenester (registrering inn, førebels svar, vedtak og utsending).
  • Arbeidsavtalar. ansvar for:
    - opplæringshefte
    - teieplikt
    - nøklar
    - stillingsomtalar
  • Ansvar for at lønsutbetalingar stemmer med arbeidsavtalar
  • Timebank
  • Ansvarleg for rapportering ( t.d. Kostra)
  • Informasjon ut til nye brukarar/pasientar/pårørande
  • Kopimaskin
  • Kontorrekvisita

 

Ønska kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Relevant administrativ utdanning, helst på høgskulenivå
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Svært gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk

 

Generelt:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Nærare opplysningar om stillinga ved pleie- og omsorgsleiar Grete Lill Hjartnes på tlf. 56589858 / 56589850.

Søknad, vedlagt kopiar av vitnemål og attestar, vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist:  01.02.2011.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 31.01.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering