Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Sakshandsamar - engasjement i 20% stilling (søkn.frist 07.10.2011)

Engasjement i perioden 16.11.2011 – 15.11.2012. Kontorstad vil vera NAV Samnanger.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming av saker relatert til flyktningar i Samnanger kommune, med hovudvekt på dei som kom etter 01.12.2009.
  • Skriving av ulike enkeltvedtak i samband med introduksjonsstønad.
  • Kontakt og korrespondanse med IMDI og UDI.
  • Samarbeid med ulike interne og eksterne instansar i og utanfor kommunen.
  • Klientsamtalar ved behov.
  • Samarbeid med miljøarbeidar.
  • Anna relevant sakshandsamingsarbeid.


Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha røynsle frå flyktningearbeid. Søkjar må jobba sjølvstendig og ta ulike avgjerdsler. Søkjar må ha gode samarbeidsevner og vera personleg eigna for stillinga. Søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne og beherska nynorsk som skriftspråk. Søkjar må ha relevant utdanning på høgskulenivå.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.  Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar som kommunen ikkje har fått tidlegare vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finni menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 07.10.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.09.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering