Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sekretær i fellestenestene på kommunehuset (søkn.frist 31.10.2011)

Fast stilling som sekretær (eventuelt konsulent) i Fellestenestene på kommunehuset er ledig frå 02.01.2012. Stillingsstorleik inntil 75%. Fellestenestene står framfor mange spennande utfordringar i åra som kjem, og me søkjer etter ein motivert og framtidsretta medarbeidar som vil vera med på å utvikla og forbetra tenestene våre.


Sentrale oppgåver i stillinga vil mellom anna vera:

  • Produksjon og publisering av digitale dokument
  • Arbeid med digitale løysingar for innbyggjarar, politikarar og tilsette
  • Arkivarbeid
  • Sakshandsaming
  • Betjening av telefonsentral/ekspedisjon
  • Kopiering, frankering og utsending av post
  • Utarbeiding og ajourhald av diverse oversikter, informasjonsmateriell, reglement m.m.
  • Diverse administrativt arbeid


Ønska kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Relevant utdanning innanfor administrasjon, arkivfag, informatikk eller andre relevante fagområde
  • Den som vert tilsett må ha svært høg datakompetanse. Må ha arbeid med data ”i blodet” og kunne vera Fellestenestene sin ressursperson innanfor arbeid med digitale dokument/ digitale løysingar.
  • Erfaring frå administrativt arbeid
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode skriftleg framstillingsevne
  • Fleksibilitet, høg arbeidskapasitet og serviceinnstilling


Dersom du ønskjer lågare stillingsstorleik enn 75%, må du skriva dette i søknaden. Det er ikkje høve til å søkja om lågare stillingsstorleik enn 70%.

Nærare opplysningar om stillinga ved stabssjef Jan Erik Boge eller avdelingsleiar Magda Haugen, tlf. 56587400.

Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan tilsetjing som konsulent vurderast. Søknad vedlagt kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Søknadsskjema (papirskjema og digitalt skjema) finn du i menyen til høgre på sida.  


Søknadsfrist 31.10.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.10.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering