Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sekretær/konsulent, fast 15-17% stilling (søkn.frist 27.04.2011)

Det er ledig ei fast 15 – 17% stilling som sekretær/konsulent, for tida med arbeidsstad i fellestenestene på kommunehuset.
På grunn av den låge stillingsprosenten vil stillinga i utgangspunktet verta gitt som stillingsutviding til deltidstilsette som ønskjer større stilling.


Sentrale oppgåver i stillinga:

  • Betjening av telefonsentral/ekspedisjon
  • Skanning og journalføring av post
  • Journalføring av elektroniske søknader
  • Kopiering, fakturering og utsending av post
  • Ajourhald av diverse oversikter


Det kan og vera aktuelt med sakshandsamingsoppgåver innanfor fellestenesta sitt ansvarsområde.


Ønska kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Relevant administrativ utdanning
  • Erfaring frå administrativt arbeid
  • Gode datakunnskapar (må som minimum beherska Microsoft Windows, Outlook, Word, Excel og PowerPoint)
  • Erfaring med arkiv/sakshandsamingssystemet Acos Websak
  • Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Serviceinnstilling
  • Gode samarbeidsevner


Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Magda Haugen, tlf. 56587400.

Tilsetjing som sekretær eller konsulent (avhengig av kvalifikasjonar). Tilsetjingsvilkår elles etter gjeldande lov og avtaleverk. Søknad vedlagt kopiar av vitnemål og attestar som arbeidsgjevar ikkje har fått tidlegare, vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Søknadsskjema (papirskjema og digitalt skjema) finn du i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 27.04.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.04.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering