Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sekretær sosial- og helseeininga, 20% stilling (søkn.frist 23.09.2011)

Det vert ledig fast sekretærstilling frå 01.10.2011 ved eining for sosial og helse. Sentrale arbeidsoppgåver vil vera sekretæroppgåver, arkiv, handsaming av skjenkesaker og forefallande kontorarbeid.


Kompetanse: Ynskjeleg med utdanning innan kontor /administrasjon eller tilsvarande. Erfaring med merkantilt arbeid er ein føremon. Søkjar bør ha gode datakunnskaper, og kunna kommunisera godt både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar som sjølvstendig, systematisk og omgjengeleg vil bli vektlagt.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med einingsleiar, Thore Austnes, tel. 56587400.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk.

Søknad vedlagt kopier av vitnemål og attestar som arbeidsgjevar ikkje har fått tidlegare, vert å senda til Samnanger kommune, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist: 23.09.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering