Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Skatteoppkrevjar (søkn.frist 22.03.2013)

Fast 100% stilling vert ledig frå august 2013. I utgangspunktet vil om lag 70% av stillinga vera knytt til skatt og om lag 30% til andre administrative oppgåver i kommuneadministrasjonen. Denne prosentfordelinga kan verta endra.


Skatt:

Den som vert tilsett, vil få ansvar for kommunen sin skatteoppkrevjarfunksjon. Sentrale arbeidsoppgåver vil vera:
• Innkrevjing av skattar og avgifter
• Føring av skatterekneskap
• Arbeidsgjevarkontroll
• Rådgjeving/rettleiing overfor skatteytarar

Ansvar og oppgåver for kommunale skatteoppkrevjarar er elles regulert av skattebetalingslova m/forskrifter og av skatteoppkrevjarinstruksen.

Andre administrative oppgåver:
Avhengig av utdanning/arbeidserfaring og kommunen sitt behov, vil den som vert tilsett også få oppgåver innanfor andre arbeidsområde enn skatt, til dømes:
• Økonomi/rekneskap
• Innkjøp
• Personal/løn
• Kvalitetssikring/internkontroll

Ønska kvalifikasjonar:
Me søkjer etter ein person med relevant høgare økonomisk utdanning og/eller erfaring frå stilling som kommunal skatteoppkrevjar. Søkjaren bør ha erfaring frå arbeid med Skatteetaten sitt datasystem Sofie. Det er også ønskjeleg med erfaring frå og interesse for anna administrativt arbeid. Personlege eigenskapar som sjølvstendigheit, initiativ og ryddigheit vert vektlagde.

Andre opplysningar:
Løn etter avtale. Arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Nærare informasjon om stillinga ved Laila Midtun eller Jan Erik Boge, tlf. 56 58 74 00.
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida.  


Søknadsfrist: 22.03.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering