Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Skatteoppkrevjar (søknadsfrist 13.12.2010)

Fast 50% stilling ledig frå mars 2011.

Stillinga er plassert i økonomi- og personalavdelinga, som til saman har fem medarbeidarar. Sentrale arbeidsoppgåver i stillinga:

  • Innkrevjing av skattar og avgifter
  • Føring av skatterekneskap
  • Arbeidsgjevarkontroll
  • Rådgjeving/Rettleiing


Ansvar og oppgåver for kommunale skatteoppkrevjarar er elles regulert av skattebetalingslova m/forskrifter og av skatteoppkrevjarinstruksen.

Me søkjer etter ein person med relevant høgare økonomisk utdanning og/eller erfaring frå stilling som kommunal skatteoppkrevjar. Søkjaren bør ha erfaring frå arbeid med Skatteetaten sitt datasystem Sofie. Personlege eigenskapar som sjølvstendigheit, initiativ samt ryddigheit vert vektlagde.

Løn etter avtale. Arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk. 

Nærare informasjon om stillinga ved Egil Gjerde, tlf. 56 58 74 33 / 56 58 74 00.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida.

Søknadsfrist 13.12.2010.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.12.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Søknadsskjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering