Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sommarjobb for ungdom 16 - 18 år (søkn.frist 19.05.2011)

Kommunen vil også i år engasjera nokre ungdommar mellom 16 og 18 år til ulike arbeidsoppgåver til førefallande kommunalt arbeid.

Aktuelle kandidatar må ha fylt 16 år pr 15.06.2011 eller fylla 18 år etter den 15.08.2011. Arbeidsperioden for den enkelte vert om lag 2 veker, og dei fleste arbeidsperiodane vil bli like etter at skulen er slutt. I søknaden bør du fortelja litt om deg sjølv, kva arbeid du kan tenkja deg, kva arbeidserfaring du eventuelt har, og kva tidsrom du kan tenkja deg å arbeida. Tildeling av sommarjobb vil skje etter loddtrekning mellom dei aktuelle søkjarane som ikkje tidlegare har hatt slik jobb i kommunen. Nærare oppl. v/Audhild Lekven, tlf 56587436.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt eventuelle kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.

Søknadsfrist: 19. mai 2011.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 03.05.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering