Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Sommarvikariat i pleie og omsorg (søkn.frist 22.03.2013)

Eining for pleie og omsorg treng vikarar som kan overta når våre faste tilsette skal ha ferie, i perioden frå 17. juni – 18. august 2013 (veke 25-33). Kan du tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon, i bustad for menneske med psykisk utviklingshemming, reinhald eller kjøkken? Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante oppgåver og godt samarbeid med trivelege kollega. Du vil få god opplæring. Me lovar mange utfordringar for dei som ynskjer det !


Me treng vikarar som:
- Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
- Vernepleiar/vernepleiarstudent
- Fagarbeidarar
- Pleiemedarbeidar
- Kjøkkenassistent

Dersom du søkjer sommarjobb fleire stader ber me om at du skriv opp ønskje om arbeidsstad i prioritert rekkefølgje. Du må også skrive opp tidsrommet du kan arbeide og kva stillingsstorleik du ønskjer.
Samnanger kommune prioriterer dei som ynskjer å jobbe over ein lengre periode.
Du må vere over 18 år.

Meir informasjon om sommarjobben får du ved å ta kontakt med:
Eining for pleie og omsorg
Tlf 56589850
eller kom innom på Samnangerheimen

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Autoriserte søkjarar eller søkjarar som er under høgare helsefagleg utdanning, bør kunna stadfesta dette med rettskjende kopiar. Søknaden kan sendast direkte til: Samnangerheimen - Tyssevegen 97, 5650 TYSSE. Bruk gjerne kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 22.03.2013

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.02.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering