Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Teamleiar for respiratorpasient (søkn.frist 27.12.2011)

Eining for pleie og omsorg har ledig 50% engasjementsstilling som teamleiar for ein respiratorpasient frå 01.01.2012. Stillinga vert for eitt år av gongen.


Respiratorpasienten er heimebuande, og stillinga inneheld administrative arbeidsoppgåver, praktiske gjeremål knytt til pasienten i heimen og ansvar for respiratorteamet.

Kvalifikasjonskrav:
Eininga søkjer primært etter ein sjukepleiar, men andre med relevant helsefagleg utdanning og erfaring frå arbeid med respiratorpasientar kan og søkja.

Kontaktperson for stillinga er avd.sj.pl. Reidun Abotnes, tel.:56589850.

Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Søknad vedlagt rettskjende kopier av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.


Søknadsfrist: 27.12.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering