Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Vedlikehaldsarbeidar - fast 100% stilling (søkn.frist 25.03.2011)

Samnanger kommune har ledig stilling som fagarbeidar ved Teknisk eining, avd. drift og vedlikehald.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehald av kommunale vegar
  • Vedlikehald av kommunens grøntareal
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygningar
  • Brøyting og strøing
  • Inngå i kommunen sine beredskapsplanar med teknisk vakt og brøytevakt

 
Den me søkjer etter må:

  • Vera ein kreativ og sjølvstendig person med relevant bakgrunn og erfaring innanfor stillinga sitt fagområde. Det vil vera positivt med erfaring frå kommunalteknisk drift, vegvedlikehald, anleggsmaskinkøyring eller anna arbeid relatert til arbeidsoppgåvene.
  • Ha grunnleggjande datakunnskapar
  • Lika fysisk arbeid under ulike typar verforhold
  • Ha førarkort, min. klasse B


Opplæring vil verta gjeven dersom rett person manglar naudsynt kompetanse. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ønskjer ei jamnare kjønnsfordeling på arbeidsplassane i kommunen og oppfordrar kvinner til å søkja stillinga.
Nærare opplysningar v/avdelingsleiar Endre Kullleseid, Tlf: 4746 8596.

Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 25.03.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering