Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Vedlikehaldsarbeidar teknisk eining (søkn.frist 07.09.2012)

Samnanger kommune har ledig fast 100% stilling som vedlikehaldsarbeidar ved Teknisk eining, avd. drift og vedlikehald.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehald, oppfølging og dokumentasjon av kommunen sitt vass- og avlaupsanlegg.
  • Vedlikehald av kommunens grøntareal
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygningar inkl. kyrkjegard
  • Brøyting og strøing av kommunale vegar
  • Inngå i kommunen sine beredskapsplanar med teknisk vakt og brøytevakt

Den me søkjer etter må:
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Ha ein strukturert arbeidsform
  • Vera initiativrik
  • Inneha grunnleggjande datakunnskapar
  • Lika fysisk arbeid og trivast med å arbeida i team
  • Ha førarkort, min. kl. B, samt kunne disponere eigen bil i arbeidet.

Ønskjeleg med fagbrev innan røyrleggjarfaget.

Opplæring vil verta gjeven dersom rett person manglar naudsynt kompetanse. Personen me søkjer må vere samarbeidsviljug og påliteleg, og ha dei personlege eigenskapane me ser etter.

Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

For nærmare opplysningar, kontakt drift og vedlikehaldsleiar Endre Kulleseid på tlf. 4746 8596. Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist: 07.09.2012
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering