Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Vikarstillingar som ped.leiar ved barnehagane våren 2013 (søkn.frist 14.02.2013)

Ved barnehagane i kommunen er det ledig følgjande vikariat:

• 20% ped.leiar ved Dråpeslottet barnehage – ledig frå no til 31.07.2013 (2.gongs utlysing)
• 70% ped.leiar ved Vassloppa barnehage – ledig frå no til 31.07.2013 (2.gongs utlysing)
• 100% ped.leiar ved Dråpeslottet barnehage – ledig frå 02.04. til 14.06.2013

Publisert av Marianne Soleng. Sist endra 31.01.2013

Både Dråpeslottet og Vassloppa barnehage har 4 avdelingar; delt med avdelingar for 0-3 år og 3-6 år.

ME LEGG VEKT PÅ
• Godkjent førskulelærarutdanning *
• Evne og lyst til å motivera og inspirera
• Fleksibilitet, kreativitet og evne til refleksjon
• Evne og lyst til å gjere kvarandre gode
• Lyst til utvikling og prosjektarbeid
• Kunne nytta PC som arbeidsverkty

ME KAN TILBY
• Nye flotte barnehagebygg.
• Engasjerte medarbeidarar
• Kompetanseutvikling
• Satsing på språkutvikling, kropp, rørsle helse.
• Satsing på utvikling sosial kompetanse.


Me oppmodar menn til å søkja.
* Dersom det ikkje melder seg søkjar(ar) med ønska utdanning, vil søkjar med anna fagutdanning/erfaringsbakgrunn verta vurderte for tilsetjing.
Kontaktperson: Einingsleiar Anne J. Fredriksen, 56 58 97 10

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jfr. Barnehagel. § 19. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56587400.
Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Søknadsfrist: 14.02.2013

  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering