Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Turistinfo

Turistinformasjon

 

Snarvegar: 
Turstiar og turområde  -  Badeplassar  -  Idrettsanlegg  -  Overnatting  -  Senter i kommunen   -  Kart over Samnanger  -  Tal og fakta om Samnanger  - www.visitsamnanger.no




  Hiking trips in Samnanger
  Spaziergänge und Wanderungen in Samnanger




Velkomen til Samnanger!

Samnanger er ein vakker kommune med både fjord- og fjell-landskap i hjarta av Hordaland.

Den mest kjende turistattraksjonen vår er Fossen bratte (Brudesløret), som mange stoppar ved på fylkesveg 7 mellom Tysse og Eikedalen.  

Me har spesielt gode tilhøve for friluftsliv, fiske og jakt. Ta kontakt med Samnanger jeger og fiskarlag for nærare informasjon om jakt- og fiskeområde. Sjå lenke til nettsidene deira i menyen til høgre på sida.

I Samnanger ligg og det største alpinanlegget i Bergensområdet, Eikedalen skisenter.

Det er også mange fine badeplassar ved Samnangerfjorden.

Det er ikkje eige turistkontor i Samnanger.


Overnatting:

  • Bjørkheim kro og motell a/s. Enkle og doble rom. Feriehusvære.
  • Gaupholm Camping. Liten idyllisk campingplass på austsida av Samnangerfjorden. Teltplassar og høve til å overnatta med campingvogn eller bubil.
  • Kvernes. Høve til leige av feriehus på vekebasis. Gamalt restaurert gardshus på ein liten, men veldriven gard med villsauer i flott vestlandsk naturlandskap på vestsida av Samnangerfjorden. Tlf. Gudbjørg og Jann Haugen: 56586393.
  • Sigmundstovo gjestehus kan tilby fire varme og lune rom med til saman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eiga særpreg.

Fossen Bratte - Klikk for stort bilete

 
Eikedalen skisenter - Klikk for stort bilete Samnangerfjorden hauststemning - Klikk for stort bilete Rolvsvåg friluftsområde - Klikk for stort bilete
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 06.09.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Turområde (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering