Apekoppar

Vanlege symptom

Symptomane er feber, myalgi (muskelsmerter) og hodepine etterfølgt av hudlesjonar/utslett, men nokre får hudlesjonar utan prodromalsymptomane først (dei første symptomane som feber, muskelsmerter etc), og nokon får utslett (lesjoner) på slimhinnar (rektalt, genitalt og oralt).
Utslettet kan oppstå kvar som helst på kroppen, men i dette utbrotet rapporterast det hyppig om utslett (lesjoner) nedantil både rundt kjønnsorganet og analt og i og rundt munnen.
Utslettet kan føra til smerter i hals og endetarm.
Det er og rapportert om fleire tilfeller med symptombilete der ein kun finn nokre få eller ein enkelt lesjon.

Ein er smitteførande frå symptomane oppstår til skorpene har falt av og det er heil hud under. Det mest effektive tiltaket for å redusere smitte av apekoppar er å begrense antall intime partnarar, samt isolasjon av og smittesporing rundt dei påviste tilfelle.

Vaksine mot apekoppar

Forebyggjande vaksinasjon mot apekoppar er nå tilgjengeleg for forhåndsdefinerte grupper, prioriteringsgruppe 1, 2 og 3.

Prioriteringsgruppe 1: Menn eller transpersoner som har sex med menn, OG som er hivpositive ELLER står på hiv-PrEP samt menn og transpersoner som selger sex til menn. Desse vil få tilbod om vaksine i spesialisthelseteneste/sjukehus.

Prioriteringsgruppe 2: Menn eller transpersonar som har sex med menn, OG som har risikoatferd (hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex), OG som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia siste 24 måneder. Desse vil få tilbod om vaksine i kommunehelsetenesten.
Smittevernkontoret i Bergen har tatt på seg ansvaret for vaksinering av personar i prioriteringsgruppe 2 i Bergen og omegns-kommunane.
Dei vaksinerar mot apekoppar éin torsdag i månaden.

Prioriteringsgruppe 3

  • Menn som har sex med menn og transpersoner, med risikoatferd (hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex)
  • Helsepersonell som er særlig utsatt for smitte gjennom sitt arbeid, som for eksempel personell på teststasjoner eller som jobber direkte med pasienter med mpox innlagt på sykehus
  • Laboratoriepersonell som arbeider med levende apekoppevirus (nøytralisasjonstest, cellekultur etc)

Desse vil få tilbod om vaksine i kommunehelsetenesten.

Smittevernkontoret i Bergen har tatt på seg ansvaret for vaksinering av personar i prioriteringsgruppe 2 og 3 i Bergen og omegns-kommunane.
Dei vaksinerar mot apekoppar éin torsdag i månaden.

Korleis tinge time:

Ring Smittevernkontoret på 55 56 58 80, for å tinge time.
Du må tinge time på førehand.

Ikkje møt opp dersom du er sjuk, har feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssjukdom. Ring i så tilfelle Smittevernkontoret for ny time.


Pris:

Vaksinasjonen kostar 225 kroner. Sjølve apekoppvaksinen er gratis.


Hugs legitimasjon og dokumentasjon

Ta med gyldig legitimasjon med bilete og personnummer til vaksinetimen.
Ved fremmøte må du og vise dokumentasjon på prøvesvar som viser at du har hatt ein av dei seksuelt overførbare infeksjonane, syfilis, gonoré eller klamydia, i løpet av dei siste to åra.

Vær førebudd på at du må sitte til observasjon 20 minutter etter vaksinering.

Her finner du Smittevernkontoret

Vaksinen vert satt hos Smittevernkontoret.
Dei held til i Bergen Helsehus, Solheimsgaten 9, 4 etasje, 5058 Bergen (sjå kart). Benytt inngang C, bakke opp til parkeringsdekk ved 2. etasje.
For meir informasjon om apekoppar (smitterisiko og symptomar) og vaksinering, sjå Bergen kommune - apekoppar


Sist oppdatert: 31.05.2023
Publisert: 11.04.2023