Ergoterapi

Ergoterapeutar nyttar aktivitet og deltaking som mål og middel i terapi. Ergoterapeuten kan hjelpe deg med å trene på og leggje til rette for aktivitetar som er viktig for deg for å kunne leve eit aktivt liv og kunne delta i samfunnet. Tenesta er eit lågterskeltilbod som retter seg mot personar i alle aldersgrupper som trenger hjelp til å ivareta eller forbedra sin funksjonsevne.


Kva kan ergoterapeuten hjelpe med:

  • Trening av finmotoriske ferdigheiter/håndfunksjon
  • Tilpassing og tilrettelegning av aktivitetar
  • Kartlegging av funksjon, aktivitet og omgjevnader.
  • Kompensere for tap av funksjon med til dømes hjelpemidler
  • Tilrettelegging av omgjevnadene for å legge til rette for aktivitetsutføring
  • Trening på dagliglivet sine aktivitetar
  • Trening knytt til kognitiv funksjon
  • Andre forebyggende og helsefremmande tiltak

Krav til søkjar

Tenesta er for alle med behov for ergoterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvisning frå lege for å ta kontakt med ergoterapeut.

 

Tilvisningsskjema

 

Kontaktinformasjon

Ine Heggøy Fjeldberg (Ergoterapeut)


Sist oppdatert: 22.03.2023
Publisert: 05.07.2018